Politiet rykka ut og stoppa sjåfør som køyrde vinglete

Artikkelen er over 1 år gammel

Men det er slett ikkje uvanleg at politiet får tips om sjåførar

DEL

Politiet i Førde rykka måndag ettermiddag ut mot ein sjåfør i Naustdal som skal ha køyrt vinglete.

– Vi rykka ut, men det viste seg at sjåføren hadde alt på stell trass i den vinglete køyringa, seier lensmann Dag Fiske.

Det er slett ikkje uvanleg at politiet får meldingar om vinglete køyring:

– Nokre dagar kan vi få to- tre meldingar om dagen, og så kan det vere stille ei lita stund.

Det er alt frå turistar som ser på naturen og vinglekøyrer, til eldre sjåførar som køyrer seint og forsiktig, til rusa sjåførar, politiet stoppar.

Medan turistane får beskjed om å sjå på vegen og ikkje naturen, kan eldre sjåførar bli følgt opp med å måtte ta ein helsesjekk.

– Dei rusa sjåførane får sjølvsagt også ein reaksjon, konstaterer Fiske.

Artikkeltags