Emma og Lucas på namnetoppen i landet

MEST POPULÆRT: Lucas toppar for femte gong, og er det mest brukte gutenamnet dei ti siste åra.

MEST POPULÆRT: Lucas toppar for femte gong, og er det mest brukte gutenamnet dei ti siste åra. Foto:

Av
DEL

Lucas og Emma toppar SSBs namnestatistikk for 2018. Det er niande gong Emma er på topp, og dette er det mest brukte jentenamnet så langt i dette tusenåret.

Sjå topp ti-lister i botn av saka.

– Emma kjem frå tysk og betyr stor. Den førre namnebølgja hadde ein topp i 1880, seier seniorrådgjevar Jørgen Ouren i Statistisk sentralbyrå.

– Så var namnet Emma nesten borte i perioden 1940 til 1970, før det steig jamt og trutt til det eksploderte i 2003. Før det hadde Emma vore umåteleg populært i heile den vestlege verda og dominerte i Sverige på 1990-talet, fortset han.

Lucas toppar for femte gong, og er det mest brukte gutenamnet dei ti siste åra.

– Lucas/Lukas er ein del av bølgja med gutenamn frå Bibelen. Namnet betyr mann frå Lucania. Han er nemnd i skrifta og skal ha skrive Lukas-evangeliet. Namnet var sjeldan før det kom frå Sverige og vart toppnamn første gong i 2009, seier Ouren.

På jentesida følgjer Nora og Olivia som nummer to og tre, mens tilsvarande for gutenamn er Filip og Oliver.

(©NPK)


Artikkeltags