Kvinne omkom i luftsportulykke i Loen

Det vart sett i gang ein større redningsaksjon etter ulykka, og redningsmannskap firte seg ned og henta opp fallskjermhopparen.

Det vart sett i gang ein større redningsaksjon etter ulykka, og redningsmannskap firte seg ned og henta opp fallskjermhopparen. Foto:

Av
DEL

Vest politidistrikt fekk søndag ettermiddag melding om det dei omtalar som ei fallskjermulykke nær gondolbana i Loen i Stryn kommune klokka 14.56.

Det vart sett i gang ein stor redningsaksjon og klokka 16.43 melde politiet at redningsmannskap hadde fått henta opp fallskjermhopparen og at personen blei undersøkt av helsepersonell. Tilstanden var då ukjend.

Klokka 18.59 søndag kveld melde operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt at hopparen er omkomen.

Den omkomne er ikkje formelt identifisert, men politiet har informasjon om at den avdøde er ei norsk kvinne i 20-åra. Den næraste familien er varsla. 

Politiet har oppretta sak på forholdet og saka vil bli vidare etterforska av politiet i Nordfjord. Kvinna vil bli send til obduksjon. Politiet vil førebels ikkje gi ut meir informasjon rundt ulykka.

Eit augevitne seier til NRK at det skal vere snakk om ei paragliderulykke. Omstenda rundt ulykka er førebels uklare, opplyser operasjonsleiar Samsonsen. 

Redningsaksjonen

Innsatsleiar Kurt Hammerø stadfestar til NRK Sogn og Fjordane at eit vitne har forklart at skjermen til hopparen har vore i kontakt med kabelen på gondolbana, men seier det er for tideleg å seie så mykje om korleis ulykka har skjedd. 

– Det er to personar som har drive speedgliding frå toppen av Hoven, der den eine personen fekk problem med skjermen og gått inn i fjellveggen, seier Hammerø til NRK.

Alle naudetatar, luftambulanse og redningshelikopter deltok i redningsaksjonen søndag ettermiddag. Alpin redningsgruppe frå Sunnmøre blei også kalla ut for å hjelpe.

Artikkeltags