Derfor fungerer ikkje bilde på Facebook

PROBLEM: Facebook, Instagram og WhatsApp opplever problem onsdag.

PROBLEM: Facebook, Instagram og WhatsApp opplever problem onsdag. Foto:

Av

Tusenvis av brukarar over heile verda melder om store problem på Facebook, WhatsApp og Instagram onsdag.

DEL

Spesielt råka er brukarar i Europa og Sør-Amerika, men også i USA, Russland, Malaysia, Australia og Japan opplever folk problem av ulik art.

Frå cirka klokka 15.50 har WhatsApp-brukarar hatt problem med å sende eller ta imot meldingar. Mottak av større filer som inneheld bilde, videoar og lydfiler er spesielt vanskeleg, skriv den tyske avisa Bild.

På både Facebook og Instagram opplever brukarar problem med å laste opp bilde, mens også nyheitsoppdateringar på førstnemnde går tregt. Det er ikkje kjent kva problema skuldast.

Ifølge VG har Downdetector fått inn over 14.000 rapportar om feil på Instagram og 7.000 omhandlar Facebook.

Facebook eig både WhatsApp og Instagram. Til saman har sosiale medium-gigantane over 3,8 milliardar aktive brukarar.

Artikkeltags