Måtte du logge inn på Facebook på nytt? Sikkerheitsbrist råkar 50 millionar brukarar

Artikkelen er over 1 år gammel

Personleg informasjon frå 50 millionar Facebook-brukarar kan vere på avvege.

DEL

Det skriv E24.

Eit sikkerheitshol hos Facebook blei oppdaga av selskapet sjølv på torsdag. Men holet skal ha vore tilgjengeleg for hackarar sidan juli 2017, skriv E24.

Hackarar har stole ein digital nøkkel som sørgar for at brukarar slepp å skrive inn passord kvar gong ein loggar inn, ifølge Facebook.

– Vi tar dette utruleg seriøst og vil at alle skal få vite kva som har skjedd og kva tiltak vi set i verk umiddelbart for å sørge for folks sikkerheit, skriv Facebook sjølv.

Sikkerheitsholet er no tetta, og Facebook har informert juridiske myndigheiter. Dei 50 millionar kontoane som er råka, har fått skifta sin digitale nøkkel. I tillegg har Facebook skifta nøkkelen til ytterlegare 40 millionar brukarar, for å vere på den sikre sida.

Totalt 90 millionar brukarar må difor skrive inn passordet sitt på nytt når dei loggar på Facebook.

Ingen treng å skifte passord som følge av hackarangrepet, skriv Facebook.

Artikkeltags