Tysdag blei 15 aksjonistar som sperra vegen mot Engebøfjellet fjerna av politiet med makt. Kvar fekk bot på 10.000 kroner. Onsdag demonsterte aksjonistane igjen, men utan at politiet rykte ut. Torsdag klokka 08.30 lenka fire aksjonistar seg fast i anleggsmaskinene på Engebøfjellet på ny.
– Dei hadde lenka seg fast til boreriggar og er no fjerna frå staden, seier innsatsleiar i politiet, Gunnar Englund, til Firda.
Ifølge NRK Sogn og Fjordane blei demonstrantane fjerna av ti politifolk og to frå brannvesenet.
Dei fire som blei frakta vekk av politiet blei køyrde ned frå fjellet på lasteplanet til ein traktor.
– Dei blir sett på ein buss og køyrde til Florø. Der blir dei bøtelagde før dei blir lauslatne, seier Englund.
Boringa starta onsdag
Nordic Rutile AS starta onsdag boringa i Engebøfjellet. Prøveboringa er venta å halde fram i åtte veker. Det er det finske selskapet Oy Kati Ab som har starta arbeidet med to mobile riggar. Det melder Nordic Mining i ei pressemelding.
– Så snart vi hadde fjerna aksjonistane, kunne arbeidet starte opp igjen, seier innsatsleiar Gunnar Englund.
Fleire kjem i morgon
Gaute Eiterjord, nestleiar i Natur og Ungdom, var på fjellet, men hadde ikkje lenka seg i dag.
– No er planen å gå ned att i og legge ein plan for kva vi gjer vidare. Det kjem nye folk frå heile landet i morgon. Vi har allereie forhindra mykje arbeid og kosta mykje pengar , seier Eiterjord.
– Kvifor tyr de til sivil ulydnad?
– Det er eit naudsynt verkemiddel når politikarane ikkje tek ansvar for fjorden, men har sett seg blinde på lovnadar om kortsiktig profitt, seier Eiterjord.
Les også: Ørjan må køyre lang omveg for å kome til kommunesenteret og Politiet brukte brannvesenet mot demonstrantar
Saka blir oppdatert.