Alle ungdomspartia bortsett frå Unge Høgre og Framstegspartiets Ungdom er einige om at Stortinget bør stemme for ei ny vurdering av gruveprosjekta ved Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Finnmark, skriv Klassekampen.
Stortinget skal torsdag behandle eit forslag frå SV om at styresmaktene må behandle saka på nytt.
– Ungdomsorganisasjonane er opptatt av at vi skal ha ein moderne og berekraftig gruveindustri, og då skal ein ikkje bruke løysingane frå i går. Å dumpe avfallet i sjøen er eit gufs frå fortida, seier Natur og ungdoms leiar Gaute Eiterjord.

Stortingsfleirtalet er blitt uroleg for gruveplasten – men opnar ikkje for ny deponivurdering
Ap, Høgre og Frp har gitt løyve til utvinningsprosjekta i dei to fjordane. AUF går dermed mot sitt eige parti.
– Eg er skuffa over Ap og håpar partiet snur i denne viktige miljøsaka, seier nestleiar Ina Libak.
Administrerande direktør i Nussir, selskapet bak gruveprosjektet i Kvalsund som skal ha sjødeponi i Repparfjorden, tar SVs forslag med knusande ro.
– Vi har allereie utsleppsløyve. Då kan ikkje styresmaktene berre banke på døra og seie at ein har angra seg, seier han.

Vevring-grunneigarane: – Vi er glade og letta. Det nye gruvealternativet kom som manna frå himmelen
Initiativet sende NM-aksjen ned

Nordic Mining kallar gruveutfordraren useriøs og uærleg