– Det er heilt uaktuelt for meg å vedta bota, og eg går gjerne i fengsel for å få mest mogleg blest om saka, seier Martin Melvær Berge.

31-åringen frå Florø og 45 andre frå heile landet må møte i Sogn og Fjordane tingrett i perioden 20.–28 september.

Vil helst gå i fengsel for å skape blest

Gruveaksjonistane lenka seg fast til anleggsmaskinene til Nordic Mining for å demonstrere mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden.

Politiet gav dei beskjed om å fjerne seg, noko dei nekta. Dette resulterte i bot på 10.000 kroner, ei bot mange av aksjonistane har nekta å vedta. Dermed går saka vidare til rettssystemet. Her risikerer dei ei bot på 12.00 kroner, eller fengsel i 24 dagar. I tillegg kjem det krav om sakskostnader til det offentlege.

– Eg er klar over at det er fornuftig å høyre på politiet, men i denne saka måtte vi gi beskjed om det som er i ferd med å skje. Sivil ulydnad er siste utveg, men det var nødvendig her, seier 31- åringen som sat fastlenka i to timar ein haustdag i 2016 før politiet fjerna han.

Aksjonistane som er frå heile landet, demonstrerte på ulike tidspunkt.

Barneskulelæraren vil helst gå i fengsel for å få mest mogleg blest om saka, men han trur han blir tvungen til å måtte betale i staden.

Kan ikkje akseptere bota

Før jul i fjor var det rettssak mot fleire av demonstrantane, noko som enda med at dei måtte betale bøtene.

Les også: Nektar å betale 24.000 kroner i bøter – no må ho møte i retten og Tiltalte: – Det er ingen andre stader eg heller ville vore

Melvær Berge har liten tru på at dei når fram i denne runden sidan den førre gjengen ikkje gjorde det.

– Med tanke på det trulege utfallet av rettssaka: Hadde det ikkje vore lettare å vedta bota i utgangspunktet?

– Jo, men eg meiner bota er feil. Eg kan ikkje aksepterer at eg blir bøtelagt for å forsvare naturen, noko eg meiner eg har rett til å gjere. Lova seier at du har rett til å gå relativt langt når du meiner retten til ein trygg og sunn plass å leve, blir truga.

Florøværingen veit at nokre har vedteke bota, men har inntrykk av at dei fleste nektar.

– Rettsapparatet brukar mykje tid på desse sakene, er det rett at andre saker kan ta lengre tid fordi de ikkje vil betale bota?

– I vanlege samanhengar er det ikkje rett å nekte bøter, men denne saka handlar om dei enorme miljøkonsekvensane og øydelegginga det vil ha for fjorden om Nordic Mining set i gang gruvedrift. For meg er dette ei sak som står relativt mykje høgre enn andre saker i samfunnet.

Les også: Nordic Mining ventar med søksmål og Kritisk til kva samfunn Natur og Ungdom etterlyser

Villig til fleire lenkeaksjonar

Ifølge Melvær Berge ville alle aksjonistane ha ei felles sak i rettssystemet, men det fekk dei ikkje.

– Vi bad også om advokat, men det sa domstolen nei til. Når vi må møte i fleire puljar over fleire dagar, og vi må forsvare oss sjølve utan advokat, tek det lengre tid.

Fleire av aksjonistane som deltok i aksjonen og som fekk bøter, er studentar. På heimesidene til Natur og Ungdom ber dei om pengestøtte.

– Eg har ført over pengar for å støtte, men har gitt beskjed om at eg har fast jobb og dermed ikkje ønsker det sjølv. Eg skal fint klare å betale denne bota og fleire om nødvending. Eg er villig til ny sivil ulydnad også, og den pensjonerte mora mi seier at nesten gong er ho med på lenking.

Les også: Dei fyrste borekjernane er henta ut av Engebøfjellet, Fleire demonstrantar blei fjerna frå Engebø