Straumprisane kan doble seg i løpet av dagen

DYRARE: Salsvara som går gjennom desse kablane blei brått dyrare i dag, og det skuldast det gode veret i heile Norden som gir mindre produksjon av både vasskraft og vindkraft.

DYRARE: Salsvara som går gjennom desse kablane blei brått dyrare i dag, og det skuldast det gode veret i heile Norden som gir mindre produksjon av både vasskraft og vindkraft. Foto:

Straumprisane skyt i vêret – og det er i Sør-Norge vi får smellen.

DEL

FIRDAPOSTEN: I dag, onsdag ser kraftanalytikarane ein markant vekst i straumprisane. Ifølge tal frå kraftbørsen Nordpool er prisane no oppe i 54 øre per kilowattime, og dei ser ikkje bort frå at prisen kan nå over 80 øre i løpet av inneverande døgn.

Ifølge E24 er det det skarpe, tørre, men også kalde haustvêret vi no har, som er årsaka til bykset i straumprisane, som fram til no i haust har ligge stabilt mellom 28 og 42 øre. Med lite nedbør duppar også vasskraftproduksjonen vår.

Ifølge kraftanalytikarar er det lite produksjon i heile Norden og dermed høge straumprisar også i land som Tyskland.



Artikkeltags