Norske kommunar skal lære av Gloppen

FEIRA: Mindre enn ein månad etter at Gunnvor Sunde og tilsette ved kjøkkenet på Gloppen omsorgssenter var kåra til landets beste institusjonskjøkken, kom ny gladmelding til Sandane. Frå v.: Jean Daniel Tenud, Gunnvor Sunde og Per Arne Bakke.

FEIRA: Mindre enn ein månad etter at Gunnvor Sunde og tilsette ved kjøkkenet på Gloppen omsorgssenter var kåra til landets beste institusjonskjøkken, kom ny gladmelding til Sandane. Frå v.: Jean Daniel Tenud, Gunnvor Sunde og Per Arne Bakke. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GLOPPEN: For få veker sidan vart kjøkkenet på Gloppen omsorgssenter kåra til landets beste institusjonskjøkken. No blir Gloppen-modellen også ein del av ei stortingsmelding.

DEL

Meldinga kom i form av ein telefon frå Landbruks- og matdepartementet til kjøkkensjef ved Gloppen omsorgssenter, Gunnvor Sunde, måndag morgon.

– Andre får lære av oss

– Og det var ei svært hyggeleg melding. Departementet vi ha Gloppen-modellen inn i stortingsmelding der mat til eldre er blant tema den omhandlar. Dermed blir vår modell løfta opp på eit nivå der andre kommunar i Norge får lære av det vi har gjort. Det viser også at vi må ha gjort noko rett, seier Gunnvor Sunde.

På kjøkkenet ved Gloppen omsorgssenter har dei i fleire år satsa medvite på kortreiste råvarer. Det er også eit prinsipp at all mat blir laga frå grunnen og at brukarane både ved senteret og i open omsorg for servert dagsfersk mat.

«Gylne Måltidsøyeblikk»

Tidleg i september vart Gloppenmodellen kåra til landets beste institusjonskjøkken i departementets kåring av «Gylne Måltidsøyeblikk». Der var tema matordningar til heimebuande eldre, og Gloppen si satsing på lokale råvarer og mat laga frå grunnen på kjøkkenet vart vurdert som best i klassen.

– Vi har jobba medvite for å få tilgang til lokal mat, mellom anna gjennom Gloppen produsentlag. I staden for å sende råvarene til ein sentral, leverer dei frukt, grønt og bær til oss. Dessutan kjøper vi krydder frå ein lokal prosent, og i tillegg har vi også Tine og Nortura ikkje så langt unna, seier Sunde.

Seks tilsette

Ho har ein stab på seks tilsette på kjøkkenet ved Gloppen omsorgssenter. I tillegg til deira innsats framhevar ho Frivilligsentralen som har ansvar for å køyre ut maten til brukarane.

– Kjøkkenet gjer også ulike tilpassingar og tek personleg omsyn når vi set opp menyen. For oss er det viktig å tilpasse maten til den enkelte brukar. Det skaper helse og trivsel, og vår viktigaste filosofi er at brukarane skal få i seg maten. Den må i magen for at den skal gjere den funksjonen den skal, seier Sunde.

Artikkeltags