Du får minst 50 prosent rabatt for parkering av elbil

FLEIRTAL: Det er fleirtall i Stortinget for regjeringa sitt forslag om at elbilar bør ha minst 50 prosent rabatt ved parkering.

FLEIRTAL: Det er fleirtall i Stortinget for regjeringa sitt forslag om at elbilar bør ha minst 50 prosent rabatt ved parkering. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

BIL: Det skal løne seg å bruke elbil. Også når ein skal parkere, meiner regjeringa.

DEL

Vegtrafikkloven og parkeringsforskrifta blir no endra for å sikre at nullutsleppskøyretøy (elbilar og hydrogenbilar) skal ha minst 50 prosent rabatt ved parkering samanlikna med fossildrivne køyretøy. Då transportkomiteen på Stortinget gav sin innstilling nyleg, var det berre Sp som stemte imot. Dermed er det fleirtal for nye parkeringsreglar.

– Vi meiner det er viktig med insentiv for å velje miljøvennlege bilar og løysingar, seier stortingsrepresentant Helge Orten (H) til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB).

Frå 50 til 100 prosent

Forslaget gjeld på avgiftsbelagde kommunale parkeringsplassar skilta med kvit «P» på blå bakgrunn, ifølge Samferdselsdepartementet. Eit landsdekkande halv pris-prinsipp med ei minimumsgrense for rabatt betyr at kommunane sjølv kan variere mellom å gi 50 til 100 prosent i rabatt for nullutsleppskøyretøy.

– Vi set denne grensa for å sikre bruk av miljøvennlege køyretøy. Når kommunane sjølv kan operere innanfor denne grensa, er ein garantert ein fordel som eigar av eit nullutsleppskøyretøy, seier Orten.

Bakgrunnen for lovforslaget er at det skal lønne seg å bruke elbil. Også når ein skal parkere. For å stimulere til ytterlegare bruk av elektriske køyretøy, bør det derfor vere billigare å parkere eit elektrisk enn eit fossildrive køyretøy, meiner regjeringspartia.

Tommelen ned

Fram til 2017 kunne eigarar av elbilar parkere gratis på kommunale parkeringsplassar. Sidan den gong har kommunane gjort nærast som dei vil i påvente av nye reglar. No blir derimot forskriftene endra.

Som einaste parti i transportkomiteen vende Sp tommelen ned for forslaget.

– Forslaget vil redusere moglegheita til kommunane til sjølv å prioritere beste miljøtiltak i lokalsamfunnet. Resultatet kan bli meir køyring med bensinbilar for å leite etter parkering. Dessutan er det prinsipielt feil å gi kommunale parkeringsplassar andre rammevilkår enn dei private, seier stortingsrepresentant Siv Mossleth (Sp) til ANB.

– Vi meiner kommunane ikkje bør bli overstyrt, men sjølv avgjere om det skal innførast ei slik differensiering på kommunale parkeringsplassar. Kommunane er villige til å ta stort miljøansvar. Bodø blir for eksempel bli Norges første by med berre el-bussar, seier ho.

– Kommunane som sjølv ser at ingen eller redusert parkeringsavgift er riktig for dei, kan innføre det, meiner Sp-politikaren.

Fekk mykje kritikk

Etter at forslaget blei sendt på høyring i november i fjor, blei dei nye parkeringsreglane for elbilar møtt med kritikk frå fleire hald. Verken Fagforbundet, hovudorganisasjonen Virke eller Kommunenes interesseorganisasjon KS støtta regjeringas lovforslag. Det gjorde heller ikkje Norpark, som er bransjeforeining for kommunar som har parkeringsmyndigheita og private parkeringsselskap.

Ifølge KS vil forslaget redusere råderetten til kommunane, i tillegg til at konkurranseforholdet mellom offentleg og privat parkering vil bli sett til side. Likskap mellom offentleg og privat parkering er også blant Fagforbundets argument.

– Det blir å gå for langt å pålegge private tilsvarande avgrensingar, meiner Høgres Helge Orten.

Fagforbundet fryktar ein ekstrakostnad for kommunane viss gamle parkeringsautomatar må bytast ut med nye for å få differensiert betaling. Det vil også redusere kommunane si mogelegheit til å bruke avgift for å redusere eller auke aktiviteten for motorisert ferdsel i sentrumsgatene, påpeiker Fagforbundet. (ANB)


Artikkeltags