To av tolv informerer om satellittelefon

Artikkelen er over 4 år gammel

Berre to av tolv kommunar som informerer innbyggarane tydeleg på sine nettsider om kvar dei kan finne satellittelefon før ekstremvêret Tor.

DEL

Ekstremvêret Tor minner meteorologane om ekstremvêret Dagmar som råka i 2011. Skilnaden er at vi denne gong er betre budde på førehand, meiner seniorrådgjevar for beredskap ved Fylkesmannen, Eline Orheim.

Noko av sårbarheita som vart avdekka under Dagmar var kommunikasjonar, for mange stader mista både mobildekning og straum.

– Mange kommunar har satellittelefonar, dei fleste på kommunehuset eller legesenteret. Kommunane bør sørge for at informasjon om kvar ein kan vende seg i naudtilfelle er tilgjengeleg for innbyggarane, seier Orheim.

Ein gjennomgang av nettsidene til Jølster, Førde, Gloppen, Gaular, Naustdal, Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Flora, Gulen, Høyanger og Solund fredag føremiddag viser at det ikkje er alle kommunane som har gjort informasjon om ekstremvêret tilgjengeleg på sine nettsider. Berre Askvoll og Solund informerer om satellittelefonar i kommunen, medan nokre kommunar viser til nummeret til sentralbordet ved kommunen i naudfall.

Nettverk av satellittelefonar

Fylkesmannen har ei oversikt over dei tilgjengelege satellittelefonane i kommunal og regional regi. Denne oversikta er sirkulert til kommunar, naudetatar og andre som treng å ha sikre kommunikasjonar i ekstremvêret, men er ikkje klarert for publisering i media.

– Folk bør følge med på kva som vert publisert på den aktuelle kommunen si nettside, i media og korleis meldingane frå Meteorologisk institutt utviklar seg, seier Orheim.

Betre budd enn i 2011

Samla sett er fylket betre budd på ekstremvêr no enn vi var i 2011, meiner Orheim.

– Medvitet kring ekstremvêr og konsekvensar av det er betre no enn det var då, både i kommunane og hos folk. Evalueringa etter Dagmar viste også fleire område der vi trengde å verte meir robust. Døme på dette er at fleire sjukeheimar no har naudstraum, det er betre interne prosedyrar og rutinar for kontakt dersom mobil fell ut, og det er betre rutinar med tilsyn i heimesjukepleia, der tryggleiksalarmar kan falle ut, seier Orheim.

Ho peikar også på at fleire basestasjonar er forsterka med lengre batterilevetid i tilfelle straumbrot, og at kraftbransjen har gjort mykje sidan 2011 for å gjere straumforsyninga meir robust.

Må informere framandspråklege

Ei anna erfaring frå Dagmar er at kommunar og andre må informere dei som ikkje kan norsk og som ikkje er vande med norske vêrtilhøve.

–Vi såg då at framandarbeidarar frå Sverige, Polen eller andre land ikkje har same kunnskap om kva vêr betyr i Norge, at telefon og straum kan falle ut. Difor må informasjonen vere tilrettelagd for ulike grupper, seier Orheim.

I kommunar med asylmottak bør det også vere rutinar for å informere bebuarane ved asylmottaka frå kommunen si side, meiner Orheim.

Firda sin gjennomgang av dei tolv kommunane sine nettsider viser at det er funksjonalitet for omsetting via google translate. Sidan den originale teksten er på nynorsk er det ikkje alle ord som vert oppfatta og omsett korrekt. Dermed kan bodskapen om ekstremvêret og korleis ein bør førebu seg verte mindre forståeleg på andre språk.

Artikkeltags