Slår til for fullt klokka 14

Artikkelen er over 3 år gammel

Seint ettermiddag og tidleg kveld fredag får Sogn og Fjordane merke den kraftigaste vinden.

DEL

I Nordsjøen er det allereie målt vindstyrker opp til 42 meter i sekundet, eller 83 knop klokka elleve fredag, melder Yr i siste oppdatering på vêrsituasjonen.

Klikk i kartgrafikken for å sjå vindstyrken på eit konkret punkt.

Det har lenge vore ein del uvisse knytt til den nøyaktige bana lågtrykket vil følge, men no er meteorologane temmeleg trygge i si sak.

– Prognosane for Tor stemmer ganske bra. Vi er ganske sikre på bana lågtrykket vil ta no, og vi held fast på at Tor kan gje sterk storm og kan hende også orkan, seier statsmeteorolog Stein Skare i Bergen til yr.no.

Noko lenger nord

Det vil seie at tyngda av Tor treff litt lenger nord enn meteorologane trudde torsdag.

Den kraftigaste vinden er den som er i underkant av lågtrykket. Dette feltet treff land rundt klokka 14. Vinden vil merkast først sør for Stad og ligg også an til å roe seg først i sørlege strøk, skriv yr.no

Nesten orkan allereie

I Sogn og Fjordane er det allereie målt vind opp i 30 meter i sekund, med andre ord sterk storm, ved Kråkenes fyr før klokka halv to fredag. Grensa for orkan vert sett ved 33 meter i sekundet.

Kraftig vind har også vore målt ved Ytterøyane fyr, med 22 m/s, Myklebustfjellet med 23 m/s og på Flora lufthamn er det målt sterk kuling den siste timen.

Aukar klokka to

Klokka to er det venta at vindstyrken aukar betydeleg, men toppen vert ikkje nådd før seint fredag ettermiddag eller tidleg fredag kveld.

– Den kraftigaste vinden vil merkast i dei nordlege delane av fylket, og den målestasjonen som får merke kraftigast vind er truleg Kråkenes, seier vakthavande meteorolog, Mette Skjerdal ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Om det er kysten som får den sterkaste vinden er innlandet ikkje spart faren for vindkast med styrke opp i 40 m/s .

– Ved slike styrker er det fare for skade på bygningar, seier Skjerdal.

Minkar i kveld

Trøysta er at vinden truleg ikkje vil vare så lenge. Allereie seint i kveld er det venta at vinden vil løye i fylket vårt, først på kysten og deretter i innlandet.

– Vinden vil minke temmeleg kjapt, men den vil merkast når den er der, seier Skjerdal.

Artikkeltags