SFE doblar mannskapsstyrken under Tor

SFE bur seg på ein situasjon som då uveret Dagmar herja i romjula 2011. Bildet er frå Kandalen i Gloppen.

SFE bur seg på ein situasjon som då uveret Dagmar herja i romjula 2011. Bildet er frå Kandalen i Gloppen. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

- Vi førebur oss som om dette blir ein ny Dagmar.

DEL

Dette seier kommunikasjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Kai Petter Sårheim.

I føremiddagstimane fredag sat han og leiinga i selskapet i beredskapsmøte, og kraftselskapet tek situasjonen på høgste alvor.

Mellom 130 og 150 involvert

- Vi følger situasjonen tett, og kjem til å doble mannskapsstyrken. Vi kjem til sette inn rundt 20 skogryddarar og mykje administrativt støttepersonell. Elles har vi kultur for at store delar av nettselskapet steppar inn på kort varsel viss det blir behov, seier Sårheim.

Han ventar at mellom 130 og 150 personar blir involvert i eitt eller annan tidspunkt.

Bur seg på ny Dagmar

- Vi bur oss som dette blir ein ny Dagmar, så får det heller bli ei positiv overrasking viss det blir mindre, seier Sårheim.

SFE har med seg erfaringane frå å uveret Dagmar herja for natt til 2. juledag i 2011.

Tryggleik for montørane i høgsetet

- Vi sit i beredskapsmøte og ser tilbake på kva som fungerte og kva som kunne vore gjort annleis då, både i forkant, under og etter uveret, seier Kai Petter Sårheim.

Han understrekar at dei set tryggleiken til eigne montørar i høgsetet viss det blir straumbrot.

- Og slik meldingane er det ikkje usannsynleg med straumbrot. Viss det skjer kan det ta tid før vi kan ta fatt i feilsøking og reparasjon, og det er ikkje usannsynleg at enkelte feil må vente til dagslyset kjem laurdag før vi tek fatt på feilretting, seier Sårheim.

Artikkeltags