Sender ungane heim frå skulen i frykt for «Tor»

Hyllestad skule, arkivfoto. Foto: Hilde Genberg
Skular fleire stader i fylket tek grep for å sikre elevane mot ekstremvêret.
Fleire skular i Sogn og Fjordane stenger no dørene og sender elevane heim.
Stengde klokka 12.00
I Jølster blei skulane på Vassenden og på Skei stengde klokka 12.00.
- Vi fryktar vinden og flagrande gjenstandar i lufta, og det er også ein ras- og skredfare, så vi bestemte oss å sende borna heim, seier ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg.
- Vi får håpe at vi tek feil og at dette er overilt, men vi har valt å gjere dette, seier Klakegg.
Ingen får gå heim
Ved Skei skule i Jølster vert elevar som vanlegvis går til skulen haldne att etter skuleslutt fram til foreldre kan komme og hente dei på skulen, skriv skulen på sine nettsider.
Foreldre som ønsker å hente elevar tidlegare får gjere det utan at elevane får fråvær.
Stengt i Hyllestad
– Vi har mange elevar som må reise med buss, og sidan det er umogleg å spå korleis ekstremvêret treffer oss vel vi å vere føre var, seier rektor ved Hyllestad skule, Hildegunn Hatlem.
Dei 159 elevane på skulen vert sende heim klokka 13.00. Dei som har behov for det kan bli verande på skulen til dei kan verte henta klokka 14.30.
– Vi har kontakta alle foreldre frå 1.–4. klasse og jobbar no med å nå alle foreldre for 5.–6. klasse. Tilbakemeldingane frå foreldra har berre vore positive, og mange av foreldra har allereie ordna seg på ulike vis, seier Hatlem.
Tek grep i ytre strøk
Elevane ved Våge skule i Fjaler vert sende heim med bussar klokka halv to.
Sidan det ifølgje meldingane er det ytre strøka som er mest utsette er det ikkje meldt om tidleg skuleslutt ved dei andre skulane i kommunen. Truleg vil også barnehagane på Våge og i Hellevik også sende ungane tidleg heim.
Andre meldingar
Tilsvarande meldingar kjem frå skulen i Flora og Bremanger, melder Firdaposten.
BT presenterer ei lang liste skular som vert stengde grunna ekstremvêret i nabofylket i sør.
Kommentarer til denne saken