Lastebil treft av steinras

Ein lastebil vart treft av raset som gjekk over E39 ved Dregebøen i Gaular fredag.

Ein lastebil vart treft av raset som gjekk over E39 ved Dregebøen i Gaular fredag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

E39 er stengd av ras på Dregebø mellom Vadheim og Sande. Vegen blir ikkje opna i dag.

DEL

Ein lastebil fekk store steinblokker over seg, men bilføraren skal ikkje vere skadd.

- Det har gått eit stort steinras, og vegen er stengt av store steinblokker som ligg i vegbana, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

E39 kan bli stengd i mange timar, trudde Svein Reidar Dale. Seinare vart det klart at vegen ikkje blir opna i dag.

E39 kan bli stengd i mange timar, trudde Svein Reidar Dale. Seinare vart det klart at vegen ikkje blir opna i dag. Foto:

Lastebil treft av raset

Ifølgje Bergens Tidende er ein lastebil treft av raset. Bilføraren skal ha komme seg tilsynelatande uskadd ut av bilen og er blitt køyrt vekk frå staden. Han ville ikkje snakke med BT sin fotograf på plassen.

- Ein geolog er på veg til rasstaden og skal inn i rasområde. Nøyaktig når det skjer er ikkje klart, og først når han har gjort sine vurderingar veit vi når vegen kan bli opna, men personleg trur eg det vil ta mange timar, seier Dale like over klokka 12 fredag.

Ein time seinare melde Statens vegvesen at vegen ikkje blir opna i dag.

Omkøyring via Dale

Han opplyser at Fv57 over Dale er tilrådd omkøyringsveg.

- Raset påverkar ikkje arbeidet med den nye vegen, men vi har trekt alle våre folk ut, og dei hjelper til med omdirigering av trafikken.

Raset gjekk like før klokka 11 fredag føremiddag.

– Entreprenøren melder at steinblokker på 5–10 kubikk har falle ned i vegbana like ved anleggsområdet, skriv Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen kort tid etter raset.

Blokkene må sprengast vekk for å gjere vegen farbar att. Dette kan tidlegast skje om nokre timar, dersom mannskap kjem til med det naudsynte utstyret, opplyser Hille.

Artikkeltags