Dette skjer når Tor kjem tordnande

Arkivfoto

Arkivfoto Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ekstremvêret har ikkje vorte snillare i løpet av natta, melder Yr.

DEL

Ekstremvêret Tor bevegar seg sakte, men ubønnhørleg mot kysten, fortel yr.no. Metereologane fryktar at Tor vil gi orkan frå Stadt til Rørvik, med kraftige vindkast inn over land opp mot 50 sekundmeter. Han vert også venta å gi bølgjer på opp mot 13 meter, skriv Firdaposten.

Folk blir oppfordra til å sikre båtar, lause gjenstandar og elles alt som vinden kan tenkast å ta tak i.

Ut over at folk blir oppfordra til å halde seg innandørs i størst mogleg grad fredag ettermiddag og kveld, får vêret sjølvsagt også konsekvensar for samferdsle og kollektivtrafikk.

Ved Måløy Vidaregåande skule valde dei å gi dei elevane som må i båt for å reise heim, fri fredag, slik at dei kunne reise heim allereie torsdag ettermiddag.

Norled varsla allereie torsdag at dei innstiller ekspressbåten mellom Selje og Bergen begge vegar fredag ettermiddag. Det same gjeld avgangen frå Bergen til Sogn fredag ettermiddag, og frå Sogndal til Bergen laurdag morgon.

Fjord1 har innstilt Kystvegekspressen mellom Florø og Måløy med avgang frå Florø fredag ettermiddag. Når det gjeld lokalbåtane i Florabassenget elles,er også dei innstilte frå klokka 14.30 fredag ettermiddag.

Widerøe vil gi alle som har bestilt billett hos dei til fredag, moglegheit til å booke om til avgangar laurdag eller søndag, fortel NRK Sogn og Fjordane. NRK Sogn og Fjordane. Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim vil ikkje forskottere utviklinga på Florø Lufthamn når vi snakkar med henne litt før klokka 11 fredag føremiddag.

- Førebels går som normalt, men vi ser på veret heile vegen og følgjer med slik vi gjer alle dagar. Det er meldt ganske mykje vind, og vi har sjølvsagt førebudd oss på det, men om det sler til slik det er meldt er umogleg å seie.

Statens vegvesen bur seg også på ekstremvêret som er venta til Vestlandet i dag.

- Vi vil setje krisestab om det blir naudsynt, og har heva byggherreberedskapen på drift og vedlikehald av vegnettet inn mot helga. Med mykje vind og nedbør aukar også faren for skred rundt om i fylket. Det kan bli aktuelt å stenge utsette vegstrekningar som eit førebyggjande tiltak, seier avdelingsdirektør i Sogn og Fjordane, Svenn Egil Finden i ei pressemelding.

Med bakgrunn i dei vêrmeldingane som har gått ut vil det truleg bli problem med å halde nokre av fjellovergangane opne. I tillegg kan bruer og ferjesamband, spesielt i dei ytre delane av Sogn og Fjordane og Hordaland, bli stengde på grunn av sterk vind.

Veterinær Hanne Husebø Kristensen oppfordrar også folk til å ta ekstra vare på husdyra sine.

- Spesielt tenkjer eg på kaniner som går ute, ta dei inn i huset eller garasjen. Og for all del, ikkje gløym pus der ute, seier ho.

Artikkeltags