Forseinkingar i arbeidet med Osstrupen bru

Arbeid for å rette opp Osstrupen bru.

Arbeid for å rette opp Osstrupen bru. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

EIKEFJORD: Denne veka blir brua stengt store delar av dagen.

DEL

Grunna forseinkingar hjå entreprenøren NCC på Osstrupen bru, blir brua stengt denne veka på dei tidspunkta som Statens vegvesen har tidlegare annonsert, skriv Firdaposten.

I perioden 16. – 22. jul er brua stengd i desse tidene:

  • 08.00 – 11.00
  • 12.00 – 15.00

Skiltinga ved brua vert dekt over når brua ikkje er stengd.

Statens vegvesen beklagar ulempene dette vil medføre.

Jobben med å gje Osstrupen bru, mellom Eikefjord og Stavang, søraust for Florø, ein nødvendig oppstrammar- har vore ute på anbod. Brua har vore i teneste i 40 år, men no er det på tide med litt modernisering. Brua vart i si tid bygd med overhøgde for å kompensere for berekna nedbøying, men nedbøyinga stoppa aldri. Den har no eit synleg søkk i skøyten midt ute på brua. Brua må difor forsterkast, og i tillegg løftast noko på midten.

Ifølge Statens vegvesen er det eit heilt unikt prosjekt, der det skal nyttast ein metode dei aldri har brukt tidlegare. Oppstramminga og forsterkinga av brua vil bli gjort ved å spenne opp to røyr inne i brukassa som skal jekkast frå kvar ende.

NCC skal stramme opp Osstrupen bru

November neste år vil ho vere stram og fin att 

Artikkeltags