Mann i 20-åra mista lappen etter 125 km/t i 80-sone

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORA: Up tok lappen då dei lasermålte mannen til 125 km/t. I tillegg blir han politimeld.

DEL

Kontrollen vart halden på rv. 5 ved Eikefjord torsdag klokka 13.00.

Det er 80-sone på strekninga der Up stod, og 20-åringen politiet melde vart teken i 125 km/t.

I same kontroll vart ein annan førar tildelt eit forenkla førelegg for fart.

Artikkeltags