Bygda slår ring om fembarnsfamilie

Samlar seg om familien: Heile Eikefjord slår ring om familien som vart råka av brannen. Her er rektor Heidi Humlestøl Aasen, Julie Titlestad, Berit Randi Alden-Håøy,Anette Barlund og Borghild Standal Ødegård rett overfor branntomtaFoto: David E. Antonsen

Samlar seg om familien: Heile Eikefjord slår ring om familien som vart råka av brannen. Her er rektor Heidi Humlestøl Aasen, Julie Titlestad, Berit Randi Alden-Håøy,Anette Barlund og Borghild Standal Ødegård rett overfor branntomtaFoto: David E. Antonsen

Artikkelen er over 1 år gammel

EIKEFJORD: – Eg er både rørt og takksam over hjelpa vi har fått etter brannen. Eg er glad for at vi bur der vi bur.

DEL

Det seier mora i familien på sju som mista alt dei eigde i brannen i Eikefjord sentrum onsdag ettermiddag. Ingen vart heldigvis skadd i brannen, men brannvesenet frå både Florø, Førde og Eikefjord klarte ikkje berge det nesten 300 år gamle huset familien budde i.

Men oppi tragedien, er det lyspunkt. For det tok ikkje lange tida, før heile bygda samla seg om familien. Det skriv Firdaposten.

– Måtte gjere noko

– Eg følte med ein gong vi måtte gjere noko. Tenk å vere ein familie på sju som berre har att det dei står og går i, og som nett har mista alt av album, bryllaupsbilde og alt det dei eigde.

Det seier Anette Barlund. Ho jobbar i heimetenesta saman med mor i den råka familien. No har ho og resten av kollegaene starta ein storaksjon til støtte for familien.

– Same kvelden som det brann oppretta eg ei facebookgruppe, eigentleg berre for kollegaene slik at vi kunne samordne innsamling av kle og slikt. Men gruppa vaks fort frå 30 til 130 medlemmer, fordi det var så mange som ville hjelpe til, seier Barlund.

Også på skulen og i barnehagen oppretta dei interne facebooksider for dei som ville hjelpe til.

Enorm givarglede

Knapt eit døger etter brannen har folk teke kontakt med tilbod om stader å bu, andre ville levere klede. Fleire butikkar har også strekt ut ei hand til den brannråka familien.

– Eg var tilfeldigvis i Florø, og tenkte eg samstundes skulle høyre om nokre butikkar ville hjelpe til, seier Juliet Titlestad.

Det ho fekk til svar var langt over det ho forventa: På Cubus plukka dei ut kle for fleire tusen kroner til alle fem ungane, frå inst til ytst. På Vita fekk ho ein pose med alt det ei dame treng. På Norli gav dei ein pose med bøker og aktivitetsbøker, og på Cosmos Leiker gav dei barna leiker.

– Han pakka til og med leikane inn, så det skulle bli ekstra stas for ungane, seier ein tydeleg rørt Juliet Titlestad.

Barna gir vekk leikane

– Då eg kom heim, stilte både den yngste og eldste dottera mi med ein pose med leikar til barna som vart råka, og som dei kjenner godt. Og mange av elevane på skulen har gjort det same, seier Juliet.

Då ho køyrde heim frå florøturen var det allereie eit berg av klede folk hadde gitt til familien inne på Spar Eikefjord. Butikken stilte også med klede og hygieneartiklar.

Men det sluttar ikkje der. Eikefjord fotball, der fleire av ungane i familien speler, skal sponse knebeskyttarar og klede. Elkjøp har dessutan sponsa familien med ny TV. MX Sport har sponsa to syklar, og Jysk dyner, puter og sengeklede.

– Det er utruleg rørande. Vi er ei bygd i samhald, som tek vare på kvarandre. Men det er ekstra rørande at vi også har fått mange førespurnader om å hjelpe frå Florø, seier Juliet.

(Artikkelen held fram under bildet)

Branntomta: Slik ser einebustaden ut dagen etterpå.

Branntomta: Slik ser einebustaden ut dagen etterpå. Foto:

Berit Randi Alden-Håøy i Røde Kors besøksvennene fortel kva dottera Helene på ti år sa då hø fekk høyre om innsamlingsaksjonen: «Eikefjord er ei bygd som held saman, og der vi hjelper kvarandre». Berit Randi og fleire andre besøksvenner mobiliserte raskt etter brannen, for å gje ekstra omsorg til dei eldre på aldersheimen som kjende at brannen kom vel nærmt innpå dei.

Alle damene bak innsamlingsaksjonen oppfordrar folk til å bidra der dei kan.:

– Ein familie på sju treng litt, dei har ikkje ein gong ein kniv til å smørje på skiva med. Dei manglar alt, seier Juliet.

– At det er så mange som bryr seg, trur eg er med på å gjere situasjonen lettare for familien, legg Anette til.

Vil du bidra, kan du kontakte Berit Randi Alden-Håøy på mobilnummer 9172 6170

Artikkeltags