Skal du moke vekk snøen på eigedommen din? Då må du ikkje gjere denne feilen

MOKE SNØ: Mange vakna til nedsnødde innkøyrslar denne måndagen. Kva gjer du om du ikkje får plass til all snøen på eigendomen din?

MOKE SNØ: Mange vakna til nedsnødde innkøyrslar denne måndagen. Kva gjer du om du ikkje får plass til all snøen på eigendomen din? Foto:

VÊR: Mange vakna måndag til innkøyrslar fulle av snø etter at vegane var blitt brøyta. Dette må du vere obs på når du skal moke vekk snøen.

DEL

– Ein kan ikkje utan vidare skyve snø eller andre problem over til naboen – med mindre naboen klart har gitt uttrykk for at ho eller han synest det er greitt.

Dette seier distriktsleiar og advokat Jan Erik Mardal i Huseiernes Landsforbund, avd. Sogn og Fjordane, i ei pressemelding.

På same måte som ein ikkje kan kvitte seg med hageavfallet sitt hjå naboen om sommaren, kan ein heller ikkje dumpe snø der om vinteren.

– Du bør altså først ha inngått ei avtale med den eller dei som eig eigedomen ved sidan av, understrekar han.

Kan innehalde stein og grus

Mange stader ligg husa tett i tett med små hagar imellom, og det kan då vere vanskeleg å bli kvitt snøen når det lavar ned. Men, ein kan altså ikkje utan vidare legge snøen på naboen sin eigedom.

Av nabolova § 2 heiter det at ingen må ha, gjere eller sette i verk tiltak på sin eigen eigedom som kan vere til urimeleg eller unødvendig skade eller ulempe for naboen. Snø som blir lempa over gjerdet kan innehalde stein og grus, vegsalt eller anna forureining som naboen ikkje vil like å få meir enn nødvendig av inn på sin hageflekk.

Mykje snø er og ei belastning for hagegjerde, hekkar, busker og tre. Dersom ulempa av snøen som naboen legg igjen er liten, kan det tenkast at nabolova sine regler ikkje vil kome til bruk, men uansett bør ein følge god naboskikk og be om løyve.

Kontakt kommunen

Men kva om du ikkje har plass til all snøen på din eigen eigedom?

– Dersom det fell så mykje snø at ein ikkje får plass til plassere den på sin eigen eigedom, kan det bli nødvendig å køyre den vekk, eventuelt få hjelp til å gjere det, påpeikar Mardal.

Han seier i pressemeldinga at ein må då syte for at snøen då blir lagt på ein avklart plass. Ein kan ta kontakt med kommunen for å få tilvist aktuell deponiplass.

Når det gjeld brøyting av snø frå offentleg veg og over på eigedomar langs vegen vil det stille seg annleis enn mellom private eigedomar.

– Her antar ein at viktigheita av at offentlege vegar blir brøyta om vinteren er så stor at dei eventuelle ulempene som bebuarar langs vegen blir påført må reknast som påreknelege, og er difor ikkje i strid med nabolova, seier Mardal.   

Artikkeltags