Har blitt kontakta av kjøpar som vil sikre seg eigedomsselskap

VIL KJØPE: Kommunen har blitt kontakta av ein kjøpar som vil eige Kråna Eigedom AS, som eig og leiger ut kontordelen i 2. og 3. etasje i Sandane senter.

VIL KJØPE: Kommunen har blitt kontakta av ein kjøpar som vil eige Kråna Eigedom AS, som eig og leiger ut kontordelen i 2. og 3. etasje i Sandane senter. Foto:

Gloppen kommune vurderer om dei skal selje.

DEL

Gloppen kommune har blitt kontakta av ein person som ønskjer å kjøpe Kråna Eigedom AS. Det melder dei på eigne heimesider.

Kråna Eigedom er eit kommunalt selskap som eig og leiger ut kontordelen i 2. og 3. etasje i Sandane senter.

Dersom salet skal gjennomførast, må dette kunngjerast slik at fleire andre også kan melde seg. Difår går kommunen no ut og melder at dei vurder å selje. Dei som er interesserte i å kjøpe må melde si interesse til kommunen innan 25. oktober.

Spørsmålet om sal blir drøfta på formannskapet 23. oktober. Eit eventuelt sak skal godkjennast av kommunestyret.

Artikkeltags