Femåring døydde etter tragisk fallulykke

EID: Guten som blei kritisk skadd etter å ha falle ned ei trapp torsdag, døydde av skadane.

DEL

– Det er ei tragisk ulykke, der femåringen dessverre døydde av skadane han fekk, seier Tormod Hvattum, lensmann i Nordfjord til Firda.

Det var torsdag kveld klokka 18.50 at naudetatane fekk melding om at ein femåring hadde vore involvert i ei fallulykke.

Hendinga skjedde i heimen til guten, som var busett i Eid kommune. Guten hadde falle ned ei trapp og blei sendt til Haukeland universitetssjukehus etter ulykka. Han var då kritisk skadd.

Politiet var på staden etter hendinga og oppretta ei undersøkingssak. Det blei gjort vitneavhøyr og åstaden blei undersøkt.

– Men det heile dreiar seg om ei trist ulykke, seier Hvattum til Firda.

Han legg til at familien ikkje ønskjer meir omtale av saka.

Det var natt til laurdag guten døydde på sjukehuset.

Artikkeltags