Nordfjordeid får cruisekai – skipa kan komme allereie til sommaren

Denne illustrasjonen viser korleis det vil sjå ut når eit cruiseskip blir tatt imot på den kommande flytekaia i Nordfjordeid.

Denne illustrasjonen viser korleis det vil sjå ut når eit cruiseskip blir tatt imot på den kommande flytekaia i Nordfjordeid. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

EID: Selskapet Seawalk Nordfjord AS skal få på plass ei 230 meter lang flytande cruisekai på Nordfjordeid.

DEL

– Dette vil gi direkte tilgang til mykje større turiststraumar enn vi har i dag. Det gir fantastiske moglegheiter.

Det seier ein entusiastisk Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune, som går inn med tre millionar kroner i Seawalk Nordfjord.

Kaia blei bygd i 2012, og er per i dag i Skjolden i Luster. Men den blir no kjøpt og oppgradert av Seawalk Nordfjord. Den skal installerast i løp av våren, og skal vere klar til å ta imot cruise-turistar allereie denne sommaren.

Har trua på sommaren 2017

Sjølv om kaia kan ta imot cruiseskip til sommaren, må jo sjølvsagt cruiseskipa bestemme seg for å ta turen til Nordfjordeid. Bjørlo trur sjansane er gode for dette.

– Det er jo opp til skipsagentane, og ikkje kommunen. Men det er har blitt gitt positive signal, og det er stor vekst og trafikk i cruiseskip-marknaden. Dei er på jakt etter gode destinasjonar og gode kaier. Så eg trur kaia vil ha gode sjansar til å få trafikk denne sommaren, seier han.

Kaia er 230 meter lang, og er i stad til å ta imot alle cruiseskip som trafikkerer Vestlandet.

Det er Oddvar Røysi som sel kaia til Seawalk Nordfjord. Han har fleire gonger truga med å rive investeringane sine fordi han har følt seg uønskt i Luster, etter konflikt med kommunen om plassering av helikoptertrafikk. Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Meir liv, aktivitet og folk om sommaren

Bjørlo meiner Eid vil merke cruisekaia gjnenom mykje fleire folk i sentrum ein del dagar om sommaren.

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune.

Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid kommune. Foto:

Det fine med cruise er at du veit i god tid på førehand at det kjem eit stort innrykk av folk. I tilegg skjer det på dagtid, midt i veka og i sommarhalvåret. Det er med på å styrke dei tilboda som allereie er her. Ein slepp å ha søndagsopne butikkar og folk her om nettene. Så eg trur dette vil gi meir liv, aktivitet og folk, og det trur dei fleste ser positivt på, seier ordføraren.

Det er Lefdal Invest AS som eig Seawalk Nordfjord AS. Familieselskapet investerte i 1992 i cruisekai i Olden, og bygde opp Olden som cruise-destinasjon.

– Å få cruisekai på Nordfjordeid vil gi eit fantastisk løft for reiselivet i heile Nordfjord, seier John Olav Lefdal ved Lefdal Invest i ei pressemelding.

Sjå lista over alle cruisebåtane som kjem i sommar.

Artikkeltags