Politiet har frigjeve namna på dei to omkomne

EID: I samråd med familien har politiet frigjeve namna til dei to kvinnene som omkom etter trafikkulykka i Kjølsdalen.

DEL

Det var 63 år gamle Anne Elise Sæthre og 57 år gamle Marit Johanne Røed Sundal som omkom i trafikkulykka i Kjølsdalen i Eid kommune torsdag kveld. Begge var busett i Kjølsdalen i Eid kommune.

Politiet held framleis på med taktisk og teknisk etterforsking i saka.

Pårørande til dei omkomne er varsla og namna er frigjevne etter samtykke frå familiane.

Artikkeltags