Person hevdar å ha blitt påkøyrd i Eid

Melde frå om ulukka sjølv og skal vere uskadd.

DEL

Litt før halv ti tysdag kveld melde Vest politidistrikt om at ein person skal ha blitt påkøyrd i Eid.

Hendinga skal ha skjedd litt over klokka 21.00 tysdag kveld.

Personen melde sjølv frå om uhellet. Politiet var på veg til staden for å undersøke.

Klokka 21.45 seier operasjonsleiar Terje Magnussen at kva som eigentleg har skjedd er usikkert. Meldar er rusa og ikkje kan ikkje gjere greie for hendinga.

– Vi prøver å nøste opp i dette, seier han.

Artikkeltags