Førar blir køyrd til sjukehus etter trafikkulykke i Eid

Vegen skal vere opna på staden etter stenging ved bilberging. Det skal vidare vere mistanke om promillekøyring.

DEL

Ei trafikkulykke, der ein bil er involvert, vart meldt av operasjonssentralen i Vest politidistrikt søndag klokka 12.26.

Ulykka skal ha skjedd på E39, ved Holmøyane i Eid.

Vegtrafikksentralen Vest melder klokka 12.57 at vegen på staden er stengt medan bilberging pågår. Vegen vart opna att klokka 13.16.

Då naudetatane først var på staden, vart det meldt at førar verka å vere ok.

Seinare blir det meldt at han er køyrt til sjukehuset i Førde.

Mistanke om promillekøyring

Operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt fortel til Firda at patruljen fatta mistanke om promillekøyring då dei kom til staden.

– Det er teke nødvendige prøvar, og førar er køyrd til sjukehus, seier Magnussen.

Bilen låg på taket

Politiets arbeid på staden skal vere avslutta, ifølgje operasjonsleiaren, som seier dette om ulykka:

– Det vi har fått meldt, er at bilen ligg på taket, og med eine bakhjulet oppå autovernet. Så den har jo tippa rundt. Uhellet skal ha skjedd på ei oversiktleg strekke, seier han.

Artikkeltags