Bil har køyrt utfor vegen på rv. 15 i Eid

Mann i 50-åra er mistenkt for promillekøyring.

DEL

Politiet melde laurdag ettermiddag om ei trafikkulykke på rv. 15 ved Haus i Eid.

Ein bil har køyrt av vegen, og naudetatane vart sendt til staden,

Bilen vart liggande på sida utanfor vegbana etter ulykka. Føraren blir meldt som oppegåande, og eitt køyrefelt er ope forbi staden.

Politiet melder seinare at føraren av bilen - ein mann i 50-åra - er teken med for blodprøvetaking grunna mistanke om promillekøyring.

Artikkeltags