May Liza jublar for 30-kilos torsken ho fekk på stong

PERSONLEG REKORD: May Liza Johansen med stortorsken i fanget.

PERSONLEG REKORD: May Liza Johansen med stortorsken i fanget. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

STRYN/EID: May Liza Johansen frå Stryn fekk i påska sin hittil største fisk på pilk utanfor Ålesund.

DEL

– Eg skjønte med ein gong at dette var ei veldig, veldig stor torsk, seier May Liza Johansen til Firda. Det var nettstaden www.hooked.no som først meldte om den uvanleg store fisken.

Johansen som opphavleg er frå Tromsø, bur i Stryn og driv dyrebutikken Pets Nordfjord på Nordfjordeid. Saman med kjærasten Kato Andre Bøé brukte ho påskeferien til torskefiske ved Ålesund.

– Når eg ikkje jobbar eller pussar opp hus, vert det mykje fisking. Nær 100 dagar i året, seier ho.

Fisken som vog 30,54 kilo beit på pilken hennar på om lag 70 meters djupne på yttersida av Ålesund, ikkje inne på sjølve Borgundfjorden – òg kalla bygrunnen – midt i byen der det er fullt i håpefulle fiskarar når skreien kjem sigande sørover.

Takkar påskevêret

Johansen takkar delvis det fine påskevêret for rekordfangsten.

– Vêret var fantastisk det meste av tida, slik at vi fekk to turar utaskjærs. Og det var på yttersida stortorsken beit. Resten av tida fiska vi inne på bygrunna.

Dette er femte året ho og kjærasten fiskar vintertorsk i Ålesund, og ofte er dei fleire som reiser i lag.

At Johansen har byrja å legge fisketurane til farvatna ved Ålesund og ikkje lenger nord, skuldast mellom anna at Ålesund ikkje ligg så veldig langt frå Stryn, og at ein kan få kjempetorskar berre nokre få hundre meter frå sentrum av Ålesund.

Johansen – som berre fiskar i saltvatn – har fått mange store fiskar før òg, men dette er likevel rekord. Det er ikkje uvanleg at det vert fiska så store torskar på stong lengst nord i Norge. Men så langt sør som Nord-Vestlandet skjer det sjeldan.

Jaktar større fisk

– Den nest største torsken eg har fått vog 24,5 kilo, og eg har òg fått to kveiter på 27,5 kilo. Men dette er den tyngste fisken eg hittil har fått opp. Likevel veit eg at eg har litt å gå på, for den største torsken som er teken trur eg vog 47 kilo, seier Johansen.

Ifølgje Johansen har ho og kjærasten fått fleire hundre kilo fisk denne påsken. Og ho legg ikkje skjul på at det kjennest på kroppen.

– Åtte dagar med tungt stongfiske etter stor fisk på djupt vatn kjennast veldig godt. Då eg følte at eg hadde sveiva lenge for å få opp storfisken, såg kjærasten min på ekkoloddet og sa: – No har du berre 52 att før den er oppe. Då tenkte eg «Herregud! Korleis skal eg orke dette?» Men når storfisken endeleg er trygt om bort, då gløymer ein slitet og kan sleppe jubelen laus.

No bur Johansen seg på neste storfangst.

– Eg likar å fiske med solid utstyr, for ein kan aldri vite kva som bit på kroken. I år skal vi bruke 10 dagar på kveitefiske i Lofoten, og sjølv om eg har fått mange fine kveiter så jaktar eg på den verkeleg store. Kanskje får eg den i år?

Artikkeltags