Fjøs med 25 dyr kollapsa i Eid

EID: Alle dyra skal ha komme seg ut av fjøsen, og verken dyr eller menneske er skadde, ifølgje politiet.

DEL

Ein fjøs kollapsa tysdag ettermiddag i Hjelmelandsdalen i Eid. Fjøsen husa både storfe og kalvar, totalt 25 dyr.

Operasjonsleiar Per Algrøy ved Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fortel til Firda at fjøset var delvis kollapsa, og taket hadde gitt etter.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først melde om fjøs-kollapsen.

Alle dyra kom seg ut uskadde

Politiet fekk meldinga om hendinga om lag klokka 15.30. Algrøy fortel at brannvesenet og politiet raskt var på staden.

– Brannvesenet var der med ein del folk, og politiet var der med to bilar i ein patrulje, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at alle dyra no skal vere ute av fjøsen, og at alle dei 25 dyra er uskadd. Dei er frakta vidare i dyretransport.

Ingen andre enn dyra var i fjøsen då den kollapsa, og Algrøy melder difor også at ingen menneske er skadde.

Årsaka ikkje klar

Patruljen på staden melde raskt frå til operasjonssentralen om at det var kontroll på staden, og at ein ville få henta ut dyra.

Årsaka til ulykka er enno ikkje klar.

– Ikkje anna enn at vi konstaterer at det er ein del snø, men vi har ikkje konkludert noko meir enn det, seier Algrøy.

Artikkeltags