Kommunen saknar badebrygga si. Har du sett den?

SAKNA: Veit du kvar badebrygga til Eid kommune har blitt av?

SAKNA: Veit du kvar badebrygga til Eid kommune har blitt av? Foto:

Badebrygga til Eid er borte vekk- no lokkar kommunen med premie til dei som finn den att.

DEL

– Vi anar ikkje kor den har blitt av, seier Dag Petter Leite, avdelingsingeniør i Eid kommune.

Fredag la kommunen ut ei saknamelding på heimesidene sine der dei etterlyser badebrygga.

Den blei sist sett flytande i lagunen ved Sagaparken i sentrum. Brygga plar ligge fortøydd ved Sagaparken og er mykje brukt.

«Vi ber om tips og finnar vert truleg premiert på riktig Eidavis», skriv teknisk drift, som har lagt ut meldinga på heimesida.

Men kva premie som er tenkt, det veit ikkje Leite.

Det er så langt ikkje kome inn tips.

– Er det hærverk eller er det naturen som står bak «mysteriet»?

– Nei, det vil eg ikkje spekulere. Vi får i alle fall håpe den kjem til rette att, seier Leite.

Artikkeltags