– Eg trur Sveinung Rotevatn er ein heit kandidat, seier Eid-ordførar, Alfred Bjørlo, til Fjordabladet.

Erna Solberg har invitert Venstre inn i regjeringa, og mange i Venstre meiner at partiet bør takke ja, skriv VG.

Viss partiet vel å gå i regjering med Frp og Høgre, meiner Bjørlo og andre sentrale røyster i Venstre at Sveinung Rotevatn er blant dei mest aktuelle statsrådskandidatane.

Han karakteriserer Rotevatn som ein dyktig og kunnskapsrik «allrounder» som kan takle det meste, frå nærings- og klimapolitikk til sosialpolitikk og utanriks-området.

Rotevatn fekk onsdag vite at han ikkje vart attvald på Stortinget, men synest det er hyggeleg å bli nemnd som statsrådskandidat.

– Det er alltid hyggeleg å bli nemnt i ein slik samanheng. Men akkurat no er eg ikkje på veg inn i regjering, men på veg ut av Stortinget, seier Rotevatn til VG.