Trafikkulykke i Eid: Tre bilar involvert

KRASJ: Ingen av bilane var køyrbare etter kollisjonen, men alle dei fem involverte var bevisste etter hendinga. Éin person blei frakta til sjukehus i Førde i ambulanse.

KRASJ: Ingen av bilane var køyrbare etter kollisjonen, men alle dei fem involverte var bevisste etter hendinga. Éin person blei frakta til sjukehus i Førde i ambulanse. Foto:

Store materielle skader på alle bilane. Éin person send til sjukehus.

DEL

Fem personar og tre bilar vart involverte i ei trafikkulykke i Eid kommune tysdag ettermiddag.

Ulykka skjedde på Rv. 15 i nærleiken av tømmerkaia i Naustdalvika i Eid kommune.

– Ein person er frakta til Førde sjukehus i ambulanse, men luftambulansen vart avbestilt. Alle dei involverte personane er bevisste, seier Tatjana Knappen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Ulykka skal ha skjedd ved at ein bil stoppa for å svinge til venstre, i retning til Måløy. Ein annan bil kom bakfrå i same retning og trefte den som hadde stoppa. Desse to bilane flytta seg over i det andre køyrefeltet og trefte ein annan bil, som kom i retning frå Måløy, ifølge Knappen.

– Det er teke beslag i førarkortet til sjåføren som køyrde på den første bilen, seier Knappen.

Alle bilane fekk store materielle skader, og ingen av dei var køyrbare etter hendinga.

– Bilane er no i ferd med å verte taua vekk, og vegen er opna att no, seier Knappen i 14-tida tysdag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 12.54 tysdag ettermiddag.

– Det er 80-sone på staden. Det har vore mykje energi i ulykka og airbagane er utløyste, seier Knappen.

– Ein bil har hamna utanfor vegen, medan to bilar sperrar vegbana.

Like før klokka 14.00 melde politiet at vegen er open og at alle dei involverte har vore bevisste heile tida.

NB! Politiet melde først at ulykka hende ved idrettshallen i Nordfjordeid. Dette vart seinare retta.


Artikkeltags