Sjåføren i 50-åra er lauslaten og skal forklare seg først etter nyttår

ULYKKESSTAD: Blomar er lagt ned på ulykkestaden, der Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57) omkom etter ei påkøyrsle torsdag kveld.

ULYKKESSTAD: Blomar er lagt ned på ulykkestaden, der Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57) omkom etter ei påkøyrsle torsdag kveld. Foto:

EID: Mannen som er sikta for aktlaust drap etter trafikkulykka i Kjølsdalen, er lauslaten og skal forsøke å forklare seg 2. januar.

DEL

– Ja, han er lauslaten. Vi meinte det ikkje var grunn til å varetektsfengsle han, seier regionlensmann Tormod Hvattum til Firda søndag.

Ifølge mannen sin forsvarar, Oscar Ihlebæk, vart mannen lauslaten frå sjukehus fredag kveld og bur no hos foreldra sine fram til han skal i avhøyr.

Nytt forsøk på onsdag

Fredag vart det klart at mannen som no har status som sikta for aktlaust drap, ikkje ønskte eller ikkje var i stand til å gi si forklaring. Det skulle då bli gjort to nye forsøk på nye avhøyr på kvelden, og dersom ingen forklaring vart gitt, skulle politiet prøve på nytt laurdag morgon.

– No er planen at han skal i avhøyr på onsdag, fortel Hvattum.

Mannens advokat, Oscar Ihlebæk, grunngav klienten si utsetjing med at hendinga pregar mannen sterkt, og at han difor nyttar seg av retten til å vente med å gi si forklaring.

– Vi har gjort ein avtale med politiet 2. januar. Eg reiser dit 1. januar og skal ha eit møte med klienten min, så skal vi igjen forsøke å få til eit formelt avhøyr, seier Ihlebæk.

Sterkt prega av hendinga

– Uansett årsak eller skuld, så er det naturleg nok tøft å forårsake at to menneske er døde. Det forstår dei fleste, seier Ihlebæk.

Ihlebæk sa til Firda fredag at hans inntrykk er at den sikta mannen ønskjer å samarbeide med politiet.

– Han har gitt inntrykk av at han er innstilt på å forklare seg, og å samarbeide med politiet. Men det må gjerast når han er fysisk og psykisk klar til å gjere det, sa advokaten.

Artikkeltags