Ragnhild vart overraska med Kongens Fortenestemedalje

FORTENESTEMEDALJE: Ragnhild Bjørlo (midten) vart måndag heidra for mangeårig teneste.

FORTENESTEMEDALJE: Ragnhild Bjørlo (midten) vart måndag heidra for mangeårig teneste. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

EID: Ragnhild Bjørlo (78) trudde ho berre skulle på eit regionsmøte. I staden vart ho heidra for mangeårig innsats for sanitetskvinnene.

DEL

78-åringen hadde sjølv inga aning om kva som venta ho, då ho saman med nær 60 andre lokale sanitetskvinner møtte opp i Eid rådhus måndag kveld.

– Eg ante absolutt ingenting. Eg synest det var litt rart at eg fekk beskjed at eg skulle sitte saman med organisajonsleiaren, men eg tenkte ikkje meir over det då, seier Bjørlo.

Totalt ubudd

I lokalet venta også hennar eigen familie, og ho vedgår at ho stussa litt over dette. Men likevel var ho totalt ubudd på overraskinga som kom under fylkesleiarens tale.

– Eg prøvde å takke så best eg kunne. Men å få ein fortenestemedalje, det var noko eg ikkje hadde tenkt på eingong, seier Bjørlo.

Fortenestemedaljen fekk ho for hennar innsats for sanitetsarbeidet i Sogn og Fjordane.

78-åringen har vore leiar i Nordfjordeid Sanitetsforeining i 12 år, og har leia beredskapsarbeidet i fylkeslaget sidan oppstarten i 2007. Ho har vore styremedlem i Sogn og Fjordane Sanitetsforeining i 13 år, samt nestleiar i fylkeslaget i 12 år.

Takknemleg

– Eg er utruleg glad og takknemleg. Det er likevel rart å få ein slik heider når eg sjølv meiner at eg har fått så mykje att for å få vere med, seier Bjørlo.

Ho håpar at det at ei kvinne i organisasjonen – om det er ho eller andre –#8211; har fått tildelinga, er med å sette dei på kartet.

Kor lenge ho har vore med har ho prøvd å tenke seg fram til, men er enno litt usikker. Men at det er over 35 år, det er ho viss på. Og saka, den brenn ho like sterkt for enno.

– Arbeidet har betydd utruleg mykje for meg, seier 78-åringen.

Visste like lite

Ragnhild Bjørlo er også mor til ordførar Alfred Bjørlo, som sjølvsagt var til stades på tildelinga.

Men sonen forsikra om at han visste like lite om heidringa som mor si, fram til eit par dagar sidan.

For planlegginga, det hadde varaordføraren teke seg av.

Artikkeltags