Eid får 600.000 kroner til sykkelparkering

EID: Eid kommune har fått løyvd 600.000 kroner frå Samferdsledepartementet til å bygge ut sykkelparkering ved skulane i Eid.

DEL

Dei tildelte pengane skal nyttast til å bygge anlegg for sykkelparkering for ca 250 tilsette og elevar ved Stårheim, Haugen og Hjelle skule.

– Dette er ei skikkeleg gladmelding, og gjer det mulig for oss å tilby skikkeleg sykkelparkering ved alle kommunale skular i Eid i løpet av 2019. Det er viktig for å legge til rette for meir aktivitet i kvardagen og å få fleire til å sykle til skulen, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (Venstre) i ei pressemelding.

Ordføraren fortel at Eid kommune nettopp har bygd ut 190 nye plassar for sykkelparkering ved sentrumsskulane i Eid, Nordfjordeid skule og Eid Ungdomsskule.

Denne utbygginga har skjedd i eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane kommune og Eid kommune.

– Med denne nye løyvinga frå Samferdsledepartementet får vi bygd ut sykkelparkering også på alle kommunale skular i bygdene våre. Dermed får alle skuleborn og tilsette ved kommunale skular i Eid tilbod om trygg sykkelparkering, seier Bjørlo. 

Løyvinga frå Samferdsledepartementet krev ein kommunal eigendel på 50 prosent, som Eid kommunestyre allereie har vedteke å dekke, går det fram av pressemeldinga.

Artikkeltags