Inviterer til konkurranse om forslag til bruløysing

TIDLEG SKISSE: Biletet er ei tidleg skisse av LMG Marin som syner korleis brua kan bli sjåande ut. No har Nordfjordbrua AS lyst ut ein tilbodskonkurranse for å få inn fleire forslag til brukonsept.

TIDLEG SKISSE: Biletet er ei tidleg skisse av LMG Marin som syner korleis brua kan bli sjåande ut. No har Nordfjordbrua AS lyst ut ein tilbodskonkurranse for å få inn fleire forslag til brukonsept. Foto:

NORDFJORDEID: Nordfjordbrua AS har lyst ut ein tilbudkonkurranse for å få inn forslag til konsept for bru mellom Anda og Lote i Nordfjord.

DEL

Konkurransen er lyst ut på den offentlege anskaffingsportalen Doffin, der selskapet inviterer til å gje tilbod på utarbeiding av 3D-modell og teknisk og økonomisk konsept for planlegging og seinare realisering av Fjordkryssinga.

– Dette er ein ny milepæl fram mot realisering av bru mellom Anda og Lote.

Det seier styreleiar i Nordfjordbrua AS og ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding.

– Nordfjordbrua Anda-Lote er eit prosjekt som passar godt for mange av dei nye teknologiske løysingane og metodane som no blir utarbeidde i marknaden. Vi er difor svært spente på responsen i konkurransen som no blir utlyst, legg han til.

Auka aksjekapitalen med tre millionar

Nordfjordbrua AS gjennomførte hausten 2018 ein emisjon for å sikre auka aksjekapital. Dei ønskte å skaffe midlar til eit forprosjekt for Fjordkryssinga Anda Lote.

No melder Nordfjordbrua AS at dei ser at emisjonen var vellykka og aksjekapitalen er no auka med over 3 millionar kroner, med eit breitt spekter av bedrifter og privatpersonar i regionen som nye aksjonærar.

Nordfjordbrua vidarefører emisjonen fram til generalforsamlinga i vår, slik at endå fleire skal få høve til å bli aksjeeigar i selskapet.

Ringeffektar

– Det er for tida ei rivande teknologisk utvikling innanfor bru-bransjen, mellom anna drive fram av Statens vegvesen sine utviklingsprosjekt knytt til ferjefri E39, seier Bjøro i pressemeldinga.

Selskapet har tidlegare utarbeidd Trafikk- og finansieringsanalyse for Nordfjordbrua Anda-Lote som syner at Nordfjordbrua er eit ferjeavløysingsprosjekt med stort trafikkgrunnlag og sterke positive effektar for nærings- og samfunnsutvikling, ifølge Nordfjordbrua AS.

Grønt lys

Selskapet har hatt møte med SVV regionalt, Kystverket og Samferdselsdepartementet og har fått klarsignal frå Samferdsledepartementet til å arbeide vidare med planane for realisering Anda Lote som eit ferjeavløysingsprosjekt.

– Vårt mål no er å få fram eit best mogleg samla grunnlag for å få godkjenning av bruløysing, finansiering og organisering av prosjektet. Det blir også ei viktig oppgåve å få forankring og støtte for fjordkryssinga i nye Vestland fylkeskommune som eit ferjeavløysingsprosjekt som er med å binde nye Vestland fylke saman, seier Bjørlo i pressemeldinga.

Artikkeltags