Bil har køyrt i fjellveggen på rv. 15

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Ingen skal ha kome til skade i ulukka, melder politiet.

DEL

Klokka 09.20 melder Vest politidistrikt at ein bil har køyrt i fjellveggen på rv. 15 ved Stårheim.

Det skal ikkje vere snakk om personskade, opplyser politiet.

– Vi er framme på staden. Airbagen er utløyst som følgje av ulukka, men det er ingen synlege personskadar eller lekkasje, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen.

Politiet sin teori er at bilen har kome utanfor vegkanten og deretter køyrt i fjellveggen. Føraren av bilen skal vere ei kvinne.

Først vart det meldt at det ikkje var personskade, men førar klaga seinare over smerter i fingrar.

Eitt felt var sperra ei stund som følgje av ulukka. Bilbergar har no henta bilen og vegen er igjen open for trafikk.

Artikkeltags