– Det er god stemning, og ein sit ikkje berre i ro men er litt aktive

TREFFSIKKER GJENG: Lena Almenning, Hannah Anderen og Ida Ødegård sikra seg sigeren i den store kubbduellen. Foto: Frode Grimelid
EID: – Torvmyrane! ropar Hannah Andersen og spring med knyttneven i vêret, etter å ha sikra sigeren i kubb.
Firda er heldige, og nådde festivalcampen akkurat i tide til den store finalen.
– Torvmyrane?
– Ja, det er skulen vi gjekk på, seier Lena Almenning.
Motstandarane er også frå Florø, men blanda lag med tanke på skule. Representantane frå Torvmyrane er i alle fall treffsikre, og ein pinne forsvinn ut av spel med nesten kvart kast. Til slutt må kongen til motstandarane gje tapt, og Andersen kan rope.
– Du får eit lite adrenalinkick, seier ho.
– Spelar de ofte, så treffsikre som de er?
– Ja, kvar laurdag. Nei då, men vi spelte på skulen, forklarer Almenning.
Aktiv ventetid
Festivalcampen er allereie tettfolka, men dei aller fleste slappar godt av i campingstolar og telt. Dei leskar seg med brus og anna godt i tropevarmen. Men kvifor bruke energien på kubb?
– Det er god stemning, og ein sit ikkje berre i ro men er litt aktive, forklarer Almenning.
Dei tre er samde om at høgdepunktet på festivalen er livet i campen, men det er klart at dei må få med seg musikk også. Alan Walker og Karpe Diem er favorittane.
– Eg har høyrt at dei er særleg gode live, og at dei showar og tar publikum opp på scena, seier Almenning.
– Vil du opp på då?
– Eg veit ikkje om eg vågar.
– Jau då, seier dei to andre.
Vil treffe folk
Mellom ølpong, kubb og teltrigging finst dei som brukar tida til å høyre på musikk og varmar opp til artistane går på scena.
Jakob Pedersen, Simon Brekke og Hans Jakob Bjørheim håpar å vekke oppsikt med oppsynet sitt.
– Ja, vi stikk oss litt ut, seier Bjørheim.
– Eller inn, mest ut kanskje, seier Brekke.
– Det er for å bli kjent att og komme i kontakt med andre. Det er sosialt og show, seier Bjørheim om geparddrakta si.
Dei var på festival også torsdag kveld, og fekk med seg bandet Dubioza Kolektiv. Ei overraskande oppleving.
– Dei skapte liv, trass i at eg trur mange ikkje hadde høyrt om dei før. Det var ei stilig blanding av polka og annan musikk, seier Bjørheim.
Kommentarer til denne saken