Mann i 30-åra forma handa si som ein pistol og trua politibetjent

No må nordfjordringen møte i Sogn og Fjordane tingrett.

DEL

I april i fjor skulle mannen i seine nattestimar settast i arresten ved Eid lensmannskontor. Under innsetjinga trua nordfjordingen ein politibetjent ved å forme handa som ein pistol som han trakk av mot hovudet, samstundes som han sa: «Du (namn på politibetjent), jeg kunne tenke meg, og jeg vet sikkert 15 andre som kunne tenke seg».

Mannen er no tiltalt for å ha trua ein offentleg tenestemann og må møte i retten neste veke.

Artikkeltags