Kvinne fyllekøyrde med passasjer i bilen

Artikkelen er over 1 år gammel

DOM: Ei kvinne i slutten av 40-åra vart teken med to i promille på biltur.

DEL

Det var ein tidleg føremiddag i mars månad at hendinga skjedde. Saman med ein passasjer køyrde kvinna i ruspåverka tilstand over ei strekning på minst fem kilometer.før ho vart stoppa av politiet.

Politiet meiner den tiltalte hadde ein promille på rundt to då ho sette seg i bilen og køyrde. Kvinna tilstod fyllekøyringa i retten.

No er dama frå Nordfjord dømd i Sogn og Fjordane tingrett til fengsel i 21 dagar med ei prøvetid på to år. Ho mistar også førarkortet i to år og fire månader. I tillegg må ho betale ei bot på 30.000 kroner.

Kvinna har forklart at ho hadde eit «omfattande» alkoholforbruk det siste året. Ho må i prøvetida gjennomføre eit program mot rusa køyring.

Artikkeltags