Fanga i bagasjerommet

Artikkelen er over 3 år gammel

Unge damer måtte ha hjelp

DEL

Bilberging måtte til, då nokre unge damer hadde greidd å låse seg inne i bagasjerommet på ein varebil på Eide klokka seks i dag tidleg, melder politiet.

Politiet hadde elles nok å gjere under første dag av Malakoff rockfestival, som no samlar tusenvis av ungdommar på Nordfjordeid.

Alt klokka 1915 i går havna første gjest i drukkenskapsarresten, ein overstadig rusa mann. Klokka 2100 fekk han selskap av ein til, ein rusa mann som fekk kjlle seg ned litt, etter å ha drive ordensuro og forulempa politiet.

17 minutt seinare måtte ein mann til legevakta for kontroll, etter å ha blitt slegen til av ein namngjeven mistenkt.

2230 vart ein mann på Eid meld for urinering på offentleg stad.

2325 vart ei kvinne i 20-åra politimeld for drikking på offentleg stad.

Like etter vart ein rusa mann som gjekk langs rv 15 mellom Eid og Haugane køyrt heim av politiet.

Etter midnatt vart ein rusa mindreårig ungdom vist vekk frå festiivalområdet, og foreldra vart varsla.

Ved 0100-tida vart ein rusa mann i slutten av tenåra vist vekk frå festivalområdet grunna ufin oppførsel.

Ved firetida vart det bråk ved ei serveringsbod, som enda med at ein mann i femtiåra vart anmeldt, då han ikkej ville gje personalia til politiet.

- Det vart travelt for politiet, dette, operasjonsleiar Olaug Holme ved Politi Vest?

- Nei, vi var godt bemanna der oppe, så dette gjekk greitt.

- Det må no ha blitt fullt i arresten etter kvart?

- Nei, vi køyrte litt utskifting, inn nokre timar, og så  ut igjen. Slik vart det plass til nestemann. No er det tomt.

Artikkeltags