Endå ein førar tatt utan bombrikke på lastebilen – hadde ein prislapp på 8000 kroner

Tysdag hadde Statens vegvesen kontroll av tunge køyretøy ved Lefdal.

DEL

Statens vegvesen hadde kontroll av tungtransport, og køyre- og kviletidskontroll tysdag. 65 køyretøy var innom kontrollstaden som var ved Lefdal i Eid. Av desse blei 15 tatt ut til vidare kontroll.

Mangla bombrikke

Under kontrollen vart det skrive ut tre gebyr. To av gebyra var for manglande dokument, og sjåførane fekk ein bot på 500 kroner kvar.

Den grovaste bota var på 8000 kroner, og blei gitt til ein sjåfør som ikkje hadde montert bombrikke på køyretøyet. Dette var også eit tilfelle under Statens vegvesen sin kontroll ved Kjøs i Hornindal måndag, der ein lastebilsjåfør hadde lagt brikka i ei kasse bak i bilen, men ikkje montert den i frontruta.

Måtte sikre lasten

To av køyretøya i kontrollen hadde bruksforbod på køyretøyet. Desse hadde last som ikkje var sikra godt nok, og sjåførane måtte sikre lasta betre før vidare køyring.

Ingen av køyretøya som var inne til kontroll blei meldt vidare til politiet.

Artikkeltags