2,5 millionar til fjordhesten

ENDELEG EIT LØFT: For første gong på mange år vart det ikkje kutt i framlegg til statsbudsjettt for dei regionale hestesentera.

ENDELEG EIT LØFT: For første gong på mange år vart det ikkje kutt i framlegg til statsbudsjettt for dei regionale hestesentera. Foto:

EID: For første gong på mange år vart det ikkje kutt i framlegg til statsbudsjettet for fjordhesten.

DEL

– Det er svært gledeleg at regjeringa sikrar bevaringsarbeidet for fjordhest og nordlandshest/lynghest, seier dagleg leiar ved Norsk Fjordhestsenter, Magni Hjertenes Flyum. 

I 2015 vart det gjort eit løft for dei regionale hestesentera, medan det har vore kutta i framlegg til statsbudsjett dei siste åra.

– Vi har i fleire år arbeidd for å få desse pengane på plass i stortingshandsaminga, og er glade for at regjeringa har teke det med i framlegg til statsbudsjett, seier Flyum og leiar for Nasjonalt senter for nordlandshest/lynghest, Linda Nordgård Holmebukt. Dei ser resultat av det langsiktige arbeidet, og gler seg over optimismen i hestemiljøet. I utkast til statsbudsjett for 2019 er det føreslått nesten fem millionar kroner fordelt på dei to sentera.

Sentera si rolle er mellom anna å gjere det lettare for oppdrettarar og brukarar å velje dei norske hestane. Dei brukar også nasjonale rasar i sine aktivitetar, samstundes som det er semin- og avlsstasjon ved Norsk Fjordhestsenter.

Artikkeltags