Kvinne påkøyrd på Eid

Kvinna er send til Nordfjord sjukehus med bilambulanse.

DEL

Ei kvinne er påkøyrd på Eid. Det melder politiet og akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK).

Politi, ambulanse og legevaktlege er på staden. Ifølge meldingane skal kvinna ha blitt rygga på av ein bil.

– Vi er framleis på staden og sjekkar ut kva som har hendt. Det blir gjennomført avhøyr av føraren av bilen no, seier Per Algerøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Kvinna blir tatt hand om av helsepersonell og er no frakta til Nordfjord sjukehus med ambulanse. Det er førebels meldt lite om tilstanden hennar, men ho skal ifølge politiet vere skadd i ein arm.

Artikkeltags