Kremlikør frå fjordane tok gull i USA

HEST: Øyvind Løkling har kalla likøren opp etter fjordhesten. Bestefaren og onkelen dreiv med hest, og difor gir Løkling éin dollar frå salet av kvar flaske til fjordhest-saka.

HEST: Øyvind Løkling har kalla likøren opp etter fjordhesten. Bestefaren og onkelen dreiv med hest, og difor gir Løkling éin dollar frå salet av kvar flaske til fjordhest-saka. Foto:

Den nye norske kremlikøren Fjording, produsert på Sandane, tok gullmedalje i spritkonkurranse i San Francisco.

DEL

Fjording, pønska ut på nachspiel i Eid og produsert på Sandane, fekk utmerkinga Double Gold i konkurransen San Francisco World Spirits Competition, ein spritmeisterskap med deltakarar frå heile verda.

Gull frå alle dommarane

– San Francisco World Spirits Competition vert rekna for å vere den viktigaste og mest respekterte brennevinskonkurransen i verda, og aldri har deltakinga vore større enn i år. Over 3000 innsende bidrag vart vurderte, og Fjording var prislønt med Double Gold, ei sjeldan høg utmerking i konkurransen, skriv produsenten i ei pressemelding.

DOBBEL GULL: Beviset på at kremlikøren frå Nordfjord tok gull i USA.

DOBBEL GULL: Beviset på at kremlikøren frå Nordfjord tok gull i USA. Foto:

Double Gold betyr at alle dommarane gav gull til Fjording, og at likøren dermed vert rekna for å vere blant verdas beste i sitt slag.

– Måtte gjere det sjølv

Eidaren Øyvind Løkling (39) lurte lenge på kvifor det ikkje fanst ein norsk kremlikør, sidan Norge har meir enn nok mjølk og rikeleg tilgang på potetsprit.

– Men ingen ting skjedde. Til slutt tenkte eg at eg måtte gjere det sjølv, fortel Løkling som sa opp fast jobb for å lage og selje likør på heiltid.

Løkling har gjort at poeng av at han konkurrerer med verdas mest kjende kremlikør, irske Baileys. Med den doble gullmedaljen frå San Francisco meiner han å ha bevist at kremlikøren frå vestlandsfjordane er betre.

Håper på fleire arbeidsplassar

– Eg er i utgangspunktet ein heilt vanleg forsiktig nordfjording, men kvar dag eg står opp, minner eg meg sjølv på kven eg konkurrerer med. Baileys dominans i marknaden har trigga meg og har endra retning i livet mitt. Eg er her for å ta opp kampen, seier Løkling i pressemeldinga.

Løkling frå Haugen i Eid, no busett med sambuar og to born i Oslo, reiste over fjorden til Gloppen og til Gardsbrenneriet til Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby for å finne den rette produsenten.

– Vi har god produksjonskapasitet i brenneriet på Sandane og håper å skape fleire arbeidsplassar der dei neste åra, seier Løkling.

Artikkeltags