Den sikta mannen erkjenner ikkje straffskuld

DØDSULUKKE: To kvinner omkom då dei vart påkøyrde av ein bil 27. desember 2018.

DØDSULUKKE: To kvinner omkom då dei vart påkøyrde av ein bil 27. desember 2018. Foto:

EID: To kvinner omkom etter påkøyrsel 3. juledag. Ein mann er sikta for aktlaust drap. I avhøyr onsdag erkjende han ikkje straffskuld.

DEL

Politiet har onsdag gjennomført avhøyr av mannen som er sikta for aktlaust drap etter at to kvinner omkom 27. desember.

Den sikta møtte til avhøyr onsdag med forsvarar Oscar Ihlebæk.

– Sikta har gitt ei forklaring til politiet og han erkjenner ikkje straffskuld for forholdet som han er sikta for. Det kan bli aktuelt med fleire avhøyr av sikta, seier lensmann Tormod Hvattum i ei pressemelding.

Politiet ønskjer ikkje å kommentere kva som kom fram i avhøyret.

Dei har også avhøyrt alle vitne som kom til staden etter ulukka. For politiet er det ikkje kjent at det var vitne til sjølve hendinga.

– Politiet ventar på svar frå dei prøvane som er tatt av sikta. Vi har heller ikkje motteke rapportar frå dei tekniske undersøkingane som er tatt, seier Hvattum.

Det er oppnemnd bistandsadvokatar til dei etterlatne til begge dei omkomne. Dette er advokat Paul Inge Angelshaug og advokat Ann Mari Bjørlo.

Artikkeltags