Dei fekk kyrne ut før taket kollapsa. Tysdag blei hjelparane heidra

LEIAR I BONDELAGET: Leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle, overrekte blomar til familien Arve Halsteinslid og Anna Kirsten Hellevang, blomen motteken av Hellevang.

LEIAR I BONDELAGET: Leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle, overrekte blomar til familien Arve Halsteinslid og Anna Kirsten Hellevang, blomen motteken av Hellevang. Foto:

EID: Bonden Arve Halsteinslid fekk problem då taket på fjøsen heldt på å kollapse. Han og dyra blei redda av rask hjelp frå naboar.

DEL

Tysdag kveld samla gjengen som var med på redningsaksjonen seg i Eid kyrkjetun i regi av Eid og Bremanger produsentlag.

Ei veke før måtte 21 mjølkekyr og to kviger flyttast til ein ny fjøs på kort varsel. Under redningsaksjonen var dei ikkje sikre på om alle kyrne ville komme seg ut før taket kollapsa. Dyra blei fordelt mellom åtte gardar og vil vere der til Halsteinslid kan ta dei tilbake.

Arve Halsteinslid, bonden sjølv, hadde vore i ei arbeidsulykke på garden to dagar før og var ikkje i stand til å vere med på redningsaksjonen, ei heller samlinga i kyrkjetunet tysdag.

– Det var takka vere dyktige livdyrsjåførar og flinke bønder med god kunnskap om handtering av dyr som gjorde at berginga gjekk så raskt og knirkefritt, seier leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle i ei pressemelding.

Bønder og sjåførar redda dagen

Det var lokale bønder, og livsdyrsjåførar som redda dyra ut. Dei var dei som gjorde den farlegaste jobben. Sjåførane fekk jobben med å få dyra kjapt inn i bilane. Ingen av dyra blei skadd i aksjonen.

Styreleiar i Tine, Cecilie Bjørlo, sa at hendinga er eit godt døme på kor viktig godt samhald mellom bønder er.

KVARDAGSHELTAR: Fremst Tor-Erik Halsteinslid og Anna Kirsten Hellevang takka bøndene og livdyrsjåførane for den framifrå jobben med berging av kyrne og med å ta i mot dyr i fjøsa sine. Frå venstre: livdyrsjåførane Marius Alsaker og Bjørn Aardal, bonde Ole-Kristian Aasen, avløysar Per Ståle Starheimseter og bonde Pål Amund Naustdal. Bak f.v. bøndene Olav Anders Bakke, Roar Kjørstad, Åmund Starheim, Gunvald Hildenes og Helge Melheim. Bøndene Svein Manset og Ole Martin Rafshol.

KVARDAGSHELTAR: Fremst Tor-Erik Halsteinslid og Anna Kirsten Hellevang takka bøndene og livdyrsjåførane for den framifrå jobben med berging av kyrne og med å ta i mot dyr i fjøsa sine. Frå venstre: livdyrsjåførane Marius Alsaker og Bjørn Aardal, bonde Ole-Kristian Aasen, avløysar Per Ståle Starheimseter og bonde Pål Amund Naustdal. Bak f.v. bøndene Olav Anders Bakke, Roar Kjørstad, Åmund Starheim, Gunvald Hildenes og Helge Melheim. Bøndene Svein Manset og Ole Martin Rafshol. Foto:

Artikkeltags