Henning såg bil køyre i grøfta på E39: – Det er ei skøytebane!

Frå Norevikane på veg mot Lavik–Oppedal-ferja fekk Henning Ask seg ei overrasking. Det fekk også bilen framfor han.

DEL

– Vegen såg ut som den var våt, og eg tok det som ei sjølvfølge at E39 skal vere salta og vedlikehalde. Det var det som var så skremmande, seier Henning Ask frå Askvoll.

Han ringde først til Vegvesnet og gav beskjed, men ringte også til Firda. Han vil åtvare alle som ferdast mellom Vadheim og Lavik om at E39 er svært glatt.

– Som ei skøytebane

– Det var som ei skøytebane. Eg heldt på å fly av vegen to gonger, seier Ask.

Han vart også vitne til at bilen framfor han køyrte av vegen og i grøfta. Bilen var ein firehjulstrekkar, og greidde å rygge opp att sjølv.

– Det at eg såg heile greiene gjorde at eg rakk å bremse sjølv. Då unngjekk eg samme fella, seier han.

Ask greidde å komme seg til Lavik–Oppedal-ferja, og han trur at dei fleste bilane som er på ferja no er letta.

– Eg er ikkje nervøs for resten av turen, men eg kjem nok til å bremsesjekke vegen ofte. Eg reknar med at mange på ferja merka dette, så det kjem nok til å gå sakte inn mot Bergen, seier han.

Vogntog i grøfta

Men ikkje alle kom seg fram, grunna den glatte vegen.

– Eg såg tre vogntog stå i grøfta med naudblinken på, om lag ein kilometer aust for Lavik sentrum, seier Ask.

I tillegg til å åtvare, vil han også komme med ein peikefing til dei med ansvar for vegen.

– Når det er så glatt på E39, då er det unnasluntring, seier han.

Vegvesenet åtvarar

Seinare søndag kveld åtvara også Vegtrafikksentralen Vest om fare for glatte vegar på Vestlandet.

Nedbør vaskar ut saltet som strøbilane har lagt ut. Alle strøbilar skal vere ute på vegane, men Vegvesenet omtalar det som ein evig kamp så lenge det regnar eller sluddar.

Det blir oppfordra om å køyre forsiktig, og særskilt på sidevegar.


Artikkeltags