To tunnelar mellom Førde og Bergen blei stengde

DEL

Matrebergtunnelen på E39 blei klokka 15.10 søndag meld stengd av Vegtrafikksentralen.

– Vi fekk melding om at det står to bilar inne i tunnelen, så vi har informert politiet og stengt tunnelen i påvente av at det blir sjekka ut, seier vaktoperatør Kjetil Løvås klokka 15.12.

Også Masfjordtunnelen blei stengd på same tidspunkt, men dette hadde ikkje noko med Matrebergtunnelen å gjere. Her hadde det gått ein gassalarm, men Løvås opplyste at det ikkje var noko som indikerer at det var noko alvorleg.

– Det tyder på at det er mykje støv i tunnelen, og at dette må ventilerast ut. Men vi sjekkar det ut no, sa han litt etter klokka tre.

Inga ulykke

Arve Samsonsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, sa klokka 15.30 at det ikkje var snakk om noko bilulykke i Matrebergtunnelen. Ein patrulje var då på veg, men var ikkje framme på staden.

Samsonsen stadfesta at det stod to bilar i tunnelen, og sa at det truleg var snakk om nokon som har fått biltrøbbel.

– Vi har folk på veg for å sjekke det ut.

Opne igjen

Like før klokka 16.00 opplyser Løvås ved Vegtrafikksentralen at begge tunnelane er opne igjen.

– Vi fekk melding om at ein personbil hadde fått stans i Matrebergtunnelen, og det var snakk om noko tauing. Men vi har vore gjennom no, og då var bilane vekke og alt var OK.

Også i Masfjordtunnelen er det no fri ferdsel.

Artikkeltags